Loading Content..

Vaksenopplæringssenter ved Sauda vidaregåande skule

Sauda vgs er i starten av ei 4- årig prøveordning som nytt vaksenopplæringssenter. Skulen tar mål av seg til å bli eit kontaktpunkt, ein tilretteleggjar og tilbydar av kompetanse i indre Ryfylke. Det skal vere mogleg å ta vidaregåande opplæring, kurs, sertifisering, fagskuleutdanning og høgare utdanning i kombinasjon med jobb og familie.

Kva kompetanse treng du og di bedrift i framtida? Kva kompetanse treng me i Ryfylke?
Kva kompetanse som trengst frametter, er det næringslivet som veit best, og Kristin Bruknapp ved Sauda vidaregåande skule, vil halde fram det gode samarbeidet med arbeidslivet for å utvikla skulen som regionalt kompetansesenter. – Ved tett oppfølging, skreddarsydde kurs og «ei dør inn» ynskjer me å fjerne småsteinane som ligg i vegen for den opplæringa som bedrifter har behov for, seier ho vidare.

Å bygge ny kompetanse er ei investering i framtida. Sauda og Suldal treng innflyttarar, men fyrst og fremst må ein utvikla kvalifikasjonane til dei som faktisk bur her. Victor Norman, som leia demografiutvalet, viser nettopp til styrken som finst i dei innbyggjarane som allereie bur i kommunen.
Statistikk viser at Sauda og Suldal har mange arbeidstakarar med god realkompetanse. Men i kommunane er det få faglærde og få personar med høgare utdanning samanlikna med byar og sentrale strok. Kristin Bruknapp er oppteken av at det ligg an til stor utskifting i den lokale og regionale arbeidsstokken det neste tiåret og at erfaring og viktig kompetanse er på veg ut. – Me håpar at me i lag både kan ta vare på og byggje ny kompetanse slik at Ryfylke blir ein konkurransedyktig region for framtida, seier ho.

Oppfordringa frå Sauda vidaregåande skule er dermed: «Har di bedrift, din institusjon behov for vidaregåande opplæring, vidareutdanning, kurs eller sertifisering av dei tilsette?
Ta kontakt så me kan finna skreddarsydde løysingar saman.
Meir informasjon om tilbod me har i dag finn de på heimesida til skulen og heimesida til MOR i Ryfylke.»

Meir informasjon er å finne på Sauda vidaregåande skule sine nettsider: HER og hjå MOR i Ryfylke.

    Leave Your Comment Here