Loading Content..

Verktøykassa vår

Kompetanse © Suldal Vekst. Foto: Mikkel Meister

Våre verktøy for å hjelpa til med utvikling eller skapa vekst.

I verktøykassa vår har me fleire verktøy for å hjelpa til med utvikling av nye bedrifter eller for å skapa vekst i eksisterande bedrifter. Me har tilgang på profesjonelle forretningsutviklarar og rådgivarar, nettverk, kompetanse og investorar. Desse verktøya deler me gjerne med deg og di bedrift slik at du kan få hjelp til å veksa og utvikla deg vidare.

ETABLERAR-RETTLEIING
Ynskjer du å starte bedrift, men veit ikkje heilt korleis du skal koma i gang? Gjennom vår etablerer-rettleiing ynskjer me gjerne ein uformell samtale om din ide og med fokus på dine spørsmål og behov. Ingen forretningside er for liten eller for stor til å ta kontakt med oss, og din kontakt vil bli tatt hand om konfidensielt.

VEKSTPARTNER
Med en Vekstpartner vil du og din bedrift få ta del i ekspertise og erfaring frå nokon som veit kva utfordringar du står ovanfor på vegen mot vekst. VekstPartnerordninga er ei mentorordning for å oppnå vekst og utvikling hjå små og mellomstore bedrifter i Rogaland.

MÅLBEDRIFTSPROGRAMMET
Som del av det nasjonale næringshagenettverket har Suldal Vekst ekstra fokus på bedrifter og etablerarar med utviklingspotensial. Desse kallast for målbedrifter og har ein eigen utviklingsavtale med Suldal Vekst. Fleire av bedriftene i næringshagen har slike avtalar, og i tillegg har me ei rekkje bedrifter utanfor samlokaliseringa som  har målbedriftsavtalar.

FINANSIERTING OG STØTTEORDNINGAR
Næringshagane i Rogaland er ein aktiv del av eit landsomfattande kompetanse- og innovasjonsnettverk, og me hjelper deg gjerne med å koma i kontakt med dei miljøa som kan vera riktige for deg. For dette er me i kontakt med Innovasjon Norge, VRI Rogaland, Skattefunn, Næringshagane i Norge, Valide, Skape og SIVA.


VEKSTPROGRAMMET
Næringshagane i Rogaland arrangerer årleg det populære VekstProgrammet. VekstProgrammet er eit leiing- og bedriftsutviklingsprogram for små/mellomstore bedrifter med fokus på vidare vekst. Målet for programmet er at deltakarane skal jobbe med utvikling av eigne program.

VEKSTSPOR
VekstSporet er næringshaganes unike verktøy for vekst og utvikling.  Ved å bruke VekstSporet går ein inn i ein prosess der ein samlar bedriftas nøkkelpersonar for samtalar og bevisstgjering. Dette bidrar til god kartlegging av bedriftas ståstad, som videre vil initiere og prioritere tiltak for å realisere vekst.

BEDRIFTSINKUBATOR
Sjølv med stor aktivitet i fylket vårt, er også Rogaland avhengig av at innovative og kompetansebaserte bedrifter blir etablert og utvikla/vidareutvikla i vår region. Ein inkubator bidrar til å utvikle innovative bedrifter i tidleg vekstfase og skal bidra til at ideane utviklar seg til vekstbedrifter – raskt og sikkert. Ein inkubator kan gjennom nettverk og kompetanse vere med å løfte innovative prosjekt frå idestadiet til kommersialisering.

GROWTHWHEEL
Fleire av våre forretningsutviklarar er sertfiserte i forretningsverktøyet Growth Wheel. Growth Wheel er ein metodikk for utvikling av bedrifter og forretningsidear og fokuserer på fire hovudområde: drift, kunderelasjonar, organisasjon og konsept. Målet er å sikre at drifta er mest mogleg berekraftig og effektiv.


Ta kontakt med oss på post@suldalvekst.no for ein uforpliktande samtale!