Loading Content..

Våre tenester

Tre © Skattkammeret Suldal. Foto: Anne Lise Norheim

Målet til Suldal Vekst er å bidra til og leggje til rette for vekst og utvikling. Dette kan handle om hjelp og rådgjeving til utvikling av forretningsidear, marknads- og prosjektplanlegging, strategiarbeid, finansiering, bedriftsutvikling og organisering av ulike utviklingsaktivitetar og arrangement. Her er ei oversikt over våre tenester.

Starte bedrift

Suldal Vekst ønskjer at fleire får realisert sine idear, slik at det blir fleire verksemder som kan veksa og gi arbeidsplassar i framtida. Les meir her.

Bedriftsutvikling

Har di bedrift ambisjonar om bli større enn i dag? Ta eit steg til frå det som er relativt behageleg og trygt til ei framtid du ikkje heilt kjenner? Les meir her.

Bli målbedrift

Små og mellomstore bedrifter kan bli målbedrifter i næringshageprogrammet til Suldal Vekst gjennom å teikne ein utviklingsavtale. Denne avtalen gir bedrifta di tilgang på nettverk og dei ressursane næringshagen har tilgjengeleg til ei kvar tid, du vil få ein fast kontaktperson i næringshagen og bedrifta vil kunne motta rabatterte innovasjonstenester. Les meir her.

Ung gründer

Me har trua på at det er deg som ung som har dei beste føresetnadane for å vite kva løysingar me treng for å møte denne framtida, og me vil gjerne vera med deg på å få din idé ut ved å dra nytte av vårt nettverk og kompetanse. Les meir her.

Prosjekt

Suldal Vekst jobbar med mange prosjekt som prosjektleiar, bidragsytar og rådgjevar. Anten de ynskjer å få fagleg input for entreprenørskap i skulane, arrangere kurs i bedriftsleiing eller skal halde eit arrangement kan me vera til hjelp. Les meir her.

Flytt heim

Suldal er klar for å ta imot deg og familien din. Her kan du leve det gode livet, med spanande jobb, gode oppvekstvilkår for barna og ei aktiv fritid. Les meir her.