Loading Content..

56 utstillarar på yrkes- og utdanningsmessa

Suldal og Sauda er annan kvart år vertskap for Yrkes- og utdanningsmessa for indre Ryfylke. I 2019 blei årets Yrkes og utdanningsmesse for Sauda og Suldal avholdt i Suldalshallen på Sand 17 januar. Det var 56 utstillarar representert; 37 bedrifter og 19 utdanningsinstitusjonar.
Totalt var det representert 135 personar på stand og 670 besøkande. Utanom dette var det tilfeldige besøkande frå lokalsamfunnet.

Hovudmålet med yrkes – og utdanningsmessa er at elevar, studentar, føresette og andre arbeidssøkjande skal få kunnskap om utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring og få sjå moglegheitene for yrkes- og arbeidslivet i  kommunane. Det vil sei at hovudfokuset på messa er yrkes- og yrkesval, og kompetanse og bredde innan utdanning og kompetansefag. Messa skal bidra til å skaffa publikum oversikt over eit bredt utval av studiar og yrkes-moglegheiter for å styrkje sjansane for vidare val for framtida. På messa møter ein representantar som har brei erfaring innan mangfaldige yrker og studieretningar. Ikkje minst er det bedrifter til stades med erfaringar frå eit bredt arbeidsliv. Ingen er betre formidlerar enn arbeidsplassane sjølve til å leggje innhald i dei ulike yrkestitlane.

Suldal og Sauda som kommunar er med- arrangørar på messa representert med rådgjevarane. Messa blir arrangert for elevar i 10. klasse i Suldal og Sauda, og vg.1, vg.2 og vg.3 ved Sauda vidaregåande skule. Arbeidskomiteen bestod av Suldal Vekst, Sauda Vekst, rådgjevarar frå Sauda og Suldal ungdomskule, Sauda Vidaregåande skule, Rytopp og ein næringslivsrepresentant frå Sauda og Suldal. Yrkes- og utdanningsmessa er ein viktig rekrutterings- og samarbeidsarena for kommunane, næringsliv og utdanningsinstitusjonar i vår region.

I januar 2020 vil messa vera i Sauda. Følg med på vår nettside www.utdaningiryfylke.no eller på FB sida Yrkes – og Utdanningsmessa Suldal/Sauda.

    Leave Your Comment Here