Yrkesval
Yrkes- og utdanningsval er spannande val fleire av ungdommane må ta når dei er ferdige med grunnskulen. Suldal kommune, Sauda videregående skole, Rytopp/ Byggopp og Suldal Vekst har difor gått saman for eit digitalt informasjonsmøte om tema «Vel framtida». Her ønskjer me å synleggjera mangfaldet på vidare opplæring, og moglegheiter i næringslivet vårt i Ryfylke. Informasjonsmøte kan gje ein god start og motivasjon på vala ungdommane må ta i tida framover.
Har du spørsmål om utdanningsval oppmodnar me til å ta kontakt med rådgjevar ved din skule som vil gje deg god rettleiing.
Ved spørsmål om moglegheiter i næringslivet eller «Vel framtida» konferansen høyrer me gjerne frå deg på post@suldalvekst.no.